Miljøsanering

Miljøsanering av køyretøy i praksis

Man - Fre kl.  8:00 - 16:00


Laurdag:  Stengt

Ragn-Sells Voss er offentlig godkjent mottaksplass for vrakbilar. 

Me held til i Bjørkemoen 56, 5709 Voss 

Me driv miljøsanering i praksis!

Miljøsanering handlar om å syta for at når bilen din har køyrt si siste mil, vert den teken hand om på den måten som best gagnar miljøet og vernar om naturressursane.

Me tømer bilen for alle miljøfarlege væsker som olje, drivstoff, spylevæske, bremsevæske, glykol frå radiatoren og airconditionvæske.

Desse væskene vert lagra og sendt til gjenvinning eller destruksjon.

Me fjernar og bensin, batteri og dekk, og dette vert sendt til gjenvinning.


For å kunna utføra miljøsaneringa, nyttar me det siste som er å få tak i.

Ein moderne SEDA "avtappingsbukk" som suger / tappar av dei ulike væskene på ein vrakbil.


Der dei ulike væskene vert samla i 1000l IBC tankar, som går vidare til gjenvinning,

via Ragn-Sells i Bergen.

Nedanfor kan du sjå korleis miljøsanering skjer i praksis:

Her er ein bil klar

for å verta miljøsanert          

Evnt Airbag vert

fjerna/distruert

ved hjelp av spesiallaga utstyr for dette.

Batteri vert fjerna

Går til gjenvinning

Bremsevæske vert fjerna

Evnt Aircondisjons anlegg vert tømt for gass

Bensin / Diesel tank vert tømt

Oljefilter vert avtappa

Gearkasse olje vert fjerna

Dekk vert fjerna

Her er Airbag "spengt" i bilen.

Spylarveske vert fjerna

Kjølevæska vert fjerna

Bilen vert så sett opp på avtappingsbukken

Motorolje vert avtappa

Bremsevæske i trømler vert tømt

Og katalysator vert fjerna på dei som har det.

No er alle væsker og andre ting fjerna frå vrakbilen, då vert den pressa og lasta opp i containere for transport til fragmenteringsverket til Norscrap West as på Hanøytangen.

Her er vrakbilen på veg inn i flatpresssa

Ferdig miljøsanerte og pressa bilvrak , klar for avhenting

Og slik ser han ut etterpå

Og etter ei stund kan du kansje kjøpa det som var eit bilvark, igjen som ein kjele i butikken.